Stein Erik Nodeland ny direktør for Luftfarsttilsynet

Stein Erik Nodeland er i statsråd i dag tilsett som direktør for Luftfartstilsynet. Han er 54 år og busett i Bærum. Nodeland har sidan 2010 vore tilsett i Forsvarsdepartementet som programdirektør for F-35-programmet.

Stein Erik Nodeland har utdanning frå Luftforsvarets flygeskole, frå Luftkrigsskolen, Forsvarets høgskole og frå Luftforsvarets stabsskole. Han har òg tilleggsutdanning i økonomi frå NHH. Nodeland har bakgrunn som jagarflygar og har hatt stabs- og leiarstillingar på ulike nivå i Forsvaret. Han har mellom anna vore skvadronsjef og generalinspektør for Luftforsvaret. Han har òg vore flygar i SAS. I tillegg har han vore sjef for den operative delen av Bodø hovedflystasjon.

 

ANNONSE
Forrige artikkelVandelsregler skjerpes, endring i Luftfarstloven
Neste artikkelMari Hermansen tilsatt som ny HR-direktør i Avinor