Sunnhordland lufthavn AS hadde i går møte med Samferdselsdepartemntet om Oslo-ruta til Stord. I møtet fekk lufthamnselskapet bekrefta at det i løpet av dei neste to vekene vil senda flyruta Stord-Oslo ut på anbod.
Flyselskapa vil så få to veker på seg til å rekna på anbodet. Oppstart for ruteflyginga vert tidleg i april månad.
Departementen vil i anbodet truleg ha 12 rotasjonar pr. veke på ruta. Det vert ein føremiddagsrotasjon og ein ettermiddagsrotasjon mandag-fredag samt to rotasjonar søndag ettermiddag/kveld.
Når det gjeld flystørrelse ser ein truleg føre seg fly av typen Dash-8 eller tilsvarande. I praksis betyr dette fly med 39 eller fleire passasjerseter.
Lufthamnadministrasjonen og dei tilsette på Stord lufthamn, Sørstokken ventar no i spenning på kva flyselskap som vinn anbodet.